Spør KI-samtaleroboten vår

Føring av personalkostnader og indirekte kostnader i instituttsektoren

Forskingsinstitutt skal budsjettere personalkostnader og indirekte kostnader under eitt for dei ulike gruppene av FoU-medarbeidarar som inngår i prosjektet.

Innmelding av timesatsar for instituttsektoren

Det er følgjande fire grupper av institusjonar på Forskingsrådets liste over godkjende forskingsorganisasjonar som vi kvart år ber om å melde inn timesatsane sine:

Legg merke til at organisasjonar omfatta av retningslinjene for statleg grunnløyving skal melde inn timesatsar. Resten av organisasjonane i lista over kan velje å melde inn timesatsar føresette at dei oppfyller krava i retningslinjene.

Dei innmelde timesatsane skal nyttast i FoU-prosjekt med tilskot frå Forskingsrådet, uavhengig om instituttet leier prosjektet eller inngår som samarbeidspartnar i eit faktisk samarbeid med prosjektansvarleg søkjar. Timesatsane skal også brukast i prosjekt finansierte gjennom grunnløyving frå Forskingsrådet eller andre offentlege etatar.

Forskingsorganisasjonar som vel å ikkje melde inn timesatsar, eller ikkje oppfyller krava gitt i retningslinjene, skal i prosjekt med finansiering frå Forskingsrådet føre sine personalkostnader og indirekte kostnader i samsvar med retningslinjene gitt på nettsida Føring av personalkostnader og indirekte kostnader for næringsliv, offentleg sektor og andre søkjarar.

Slik melder du inn timesatsar til Forskingsrådet

Dei forskingsorganisasjonane som årleg blir inviterte til å melde inn timesatsar blir kontakta av Forskingsrådet i rimeleg tid før tidsfristen for innmelding. Dei innmelde timesatsane skal vere rekna ut i samsvar med Forskingsrådets retningslinjer (sjå nedanfor).

Meldinger ved utskriftstidspunkt 2. desember 2025, kl. 23.03 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.
{ }