Evalueringar av institutt

Vi har eit strategisk ansvar for instituttsektoren og for å forvalte den statlige basisfinansieringa av forskingsinstitutt. Evalueringar er ein del av dette ansvaret.

Det er for tida ingen instituttevalueringar i gang.

Evalueringane gir oss kunnskap som vi kan leggje til grunn når Forskingsrådet gir instituttpolitiske råd og budsjettforslag til departementa, og i det strategiske arbeidet overfor sektoren.

Evalueringane skal også vere eit reiskap for institutta sitt eige strategiske og faglege utviklingsarbeid.

Forskingsrådet har utarbeidd ein rapport med anbefalingar til instituttpolitikken basert på den siste runden med evalueringar.

Evaluering av Rapport levert
Primærnæringsinstituttene (pdf) 2018
De samfunnsvitenskapelige instituttene (engelsk pdf) 2017
De teknisk-industrielle instituttene (engelsk pdf) 2015
Miljøinstituttene (pdf) 2014

Meldinger ved utskriftstidspunkt 2. november 2026, kl. 07.55 CET

Viktig informasjon

I tidsrommet frå kl. 18.00 fredag 6. november til kl. 23.00 laurdag 7. november planlegg vi ein oppdatering av søknadssystemet vårt. I denne perioden vil det periodevis vere stengt for innlogging, og du vil kunne oppleve ustabilitet. Vi beklagar ulempene dette fører med seg. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.