Digitalt overforbruk? 67 prosent av nordmenn føler dei er for mykje på nett
I ei tid kor digitale medium er ein uunnværleg del av kvardagen, ser vi også store utfordringar med overdriven bruk av desse. Forskingsprosjektet Digitox har teke tak i problematikken og bidrege til større medvit og meir dialog rundt digital fråkopling i samfunnet.
Prosjektleiar for grunnforskingsprosjektet “Digitox: Invaderande medium, ambivalente brukarar og digital detox”, Trine Syvertsen, fortel at forskarane i prosjektet har følgt den historiske utviklinga frå ei tid med stor optimisme knytt til digitalisering, til ei aukande bekymring for dei negative konsekvensane.
“Koplar du deg nokon gong heilt av det digitale?
– Vi har sett ei utvikling frå at folk tidlegare skulda på media, til at dei no i større grad klandrar seg sjølve for overdriven bruk. Dette fører til skam og skuldkjensle, forklarer Syvertsen som er professor ved Institutt for medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.
Prosjektet har fått 10,1 millionar kroner i støtte frå FRIPRO i Forskingsrådet, ein nasjonal konkurransearena for banebrytande forsking innanfor alle fag og tema.
Eit samfunnsproblem som gjeld alle
Digitox har avdekt at 67 prosent av den norske befolkninga opplever at dei er for mykje på nett. Dette reflekterer ikkje berre ei individuell oppleving, men også ei erkjenning av at overdriven skjermbruk er eit samfunnsproblem.
– Overdriven bruk av digitale medium har vorte ei problemstilling folk snakkar om og som fører til konfliktar i heimen, på arbeidsplassen, på skulen og i fritida, seier Syvertsen.
Dialog og bevisstgjering
Forskarane bak Digitox-prosjektet valde ei utradisjonell formidling av forskingsresultata. Dei reiste landet rundt og arrangerte gratis arbeidslunsjar og frukostmøte i tillegg til å delta på tradisjonelle konferansar. I møta delte dei kunnskap og bidrog til dialog om utfordringane knytte til digital fråkopling på ulike arenaer, slik som på legekontor, bibliotek, skular og kulturinstitusjonar.
Konkrete døme på møteplassar, eksperiment og samarbeid:
- Bibliotekstunt: Forskarane har møtt opp på bibliotek med papirkonvoluttar og bedt folk om å leggje mobilen i konvolutten medan dei jobbar eller les bøker. Dette har skapt engasjement og refleksjon rundt eigen mobilbruk.
- Teknisk Museum: På Teknisk Museum vart det sett ut samtalebord med ulike gjenstandar, som gamle mobiltelefonar og avisar. Publikum kunne setje seg ned og reflektere over sin eigen mediebruk i dialog med forskarane.
- Råd og rettleiing: Digitox har bidrege med råd og rettleiing til ulike aktørar som ønskjer å gjennomføre tiltak for digital fråkopling. Mellom anna har dei vore i dialog med Deichman Bjørvika om kampanje dei har med mobilsoveposar og dei har arrangert arbeidsplass-frukostmøte i Kulturdepartementet.
- Samarbeid med skular: Tett samarbeid med skular for å auke forståinga for digital fråkopling og for å fremje sunne digitale vanar blant elevane.
Mobilsoveposar på Deichman bibliotek
Forskinga for Digitox-prosjektet har ikkje berre inspirert til refleksjon, men også til konkrete tiltak. Deichman bibliotek lanserte kampanjen "Ta tida tilbake" i april 2023, med mål om å hjelpe oslofolk med å leggje vekk mobilen. Kjernen i kampanjen var utdeling av mobilsoveposar – enkle neopren-lommer som symboliserer behovet for ein pause frå skjermen.
– Trine Syvertsens forsking og rettleiing har vore avgjerande heilt frå starten av kampanjen vår. Innsikta hennar om folks forhold til skjermbruk og digitale detox-metoder, har vore sjølve fundamentet for kommunikasjonen vår. Takka vere Digitox-prosjektet kunne vi lage ein kampanje som verkeleg treff folk sine behov og som viser korleis biblioteket kan bidra til ein betre digital balanse, seier Lars Schwed Nygård frå Deichman bibliotek.
Kampanjen var ein suksess, med over 23 500 utdelte mobilsoveposar og mykje positiv respons frå publikum.
Samtalar på Teknisk Museum
I samarbeid med forskarane frå Digitox og Marianne Lien med prosjektet "Privalivets grenser" lanserte Teknisk Museum eit nytt format for forskingsformidling kalla "Kitchen-Table Society" (kjøkkenbordsamtalar). I ein intim setting rundt kjøkkenbord diskuterte forskarar og besøkjande tema knytte til digitalisering i kvardagen. Samtalane var baserte på spørsmål utvikla i forskingsprosjekt og deltakarane delte erfaringar og refleksjonar.
“Er digitalt samvær mindre verd enn fysisk?
Nokre av spørsmåla denne kvelden var: Er digitalt samvær mindre verd enn fysisk? Blir naturen noko anna når han blir erfart gjennom skjerm? Korleis berører du skjermen på mobilen? Koplar du deg nokon gong heilt av det digitale?
Museet ønskte at funn frå forskinga skulle setje i gang samtalane, og at historiene, tankane og kritiske refleksjonane til deltakarane vart delte.
– Museet skapte eit rom der dei besøkjandes eigne erfaringar vart ein viktig del av forskinga, og på den måten vekte vi eit engasjement for samfunnsrelevante tema, seier Gro Ellefsen, arrangementsansvarleg ved Teknisk Museum.
Auka medvit på tvers av samfunnet
Gjennom aktiv formidling og dialog har Digitox bidrege til auka forståing for utfordringane knytte til overdriven skjermbruk. Prosjektet har vore ein viktig pådrivar for å setje dette på dagsordenen, både på individnivå, i arbeidslivet og i politiske diskusjonar.
– Vi har vore ofte i media og fått høve til å klargjere temaet frå ulike vinklar, alt frå konsekvensar for hyttelivet til mobilbruk på konsertar. Digitox har også delteke i politiske diskusjonar og bidrege med kunnskap til avgjerdstakarar. Sjølv om vi ikkje har teke stilling til konkrete politiske løysingar, har forskinga vår vore viktig for å vise kor komplekst problemet er og behovet for ei heilskapleg tilnærming, seier Syvertsen.
Nytt norsk omgrep: Digital fråkopling
Prosjektet har også bidrege til å utvikle eit norsk omgrepsapparat rundt digital fråkopling. Omgrepet "digital detox" er erstatta med "digital fråkopling", og det er no inkludert i Store norske leksikon.
Sjølv om Digitox-prosjektet no er avslutta, vil forskinga og formidlingsarbeidet vere viktig framover. Prosjektet har bidrege til auka medvit og dialog rundt utfordringane knytt til digitale medium og dermed lagt grunnlaget for å skape positive endringar rundt digital fråkopling i samfunnet.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 00.31 CET