SkatteFUNN i tal

I 2023 fekk vi 2944 søknader til SkatteFUNN. 74 prosent av desse fekk godkjent prosjektet sitt som FoU. Det har vore ein fallande trend i talet på søknader dei siste åra, men 2023 viser ein auke på 13 prosent samanlikna med 2022.

Det samla budsjetterte skattefrådraget for 2023 er på 4,6 milliardar. Dette er det same som for 2022. Det faktiske frådraget er av erfaring mykje lågare, og Finansdepartementet reknar det til 3,2 milliardar kroner i 2023.

Dei største porteføljane

Dei største porteføljane er innanfor fiskeri og havbruk, IKT og helsenæringa, og kvar av desse utgjer cirka 10 prosent av dei aktive prosjekta i 2023. Både energi og tenesteyting har hatt tydeleg vekst dei siste 5 åra, og er no på nivå med bygg, anlegg og eigedom, alle med cirka 8 prosent kvar. Vareproduserande industri veks, og utgjer no 7 prosent. Olje og gass har hatt klar nedgåande trend.

Geografisk spreiing

Søknader frå Oslo utgjorde 28 prosent i 2023, Rogaland 13 prosent og Vestland, 
Akershus og Trøndelag hadde cirka 10 prosent av søknadene kvar.

Samarbeid og bedriftsstorleik

Cirka 60 prosent samarbeider med ei anna bedrift eller FoU-institusjon, sjølv om det ikkje er eit krav om dette. 19 prosent av dei godkjende prosjekta kom frå nye søkjarar, som er litt ned frå tidlegare år. I 2023 var 58 prosent av søknadene frå bedrifter med 1-20 tilsette, og 27 prosent frå bedrifter med 21-100 tilsette.

Skatteinsentivordninga er gjennomgått av OECD

OECD hadde ein gjennomgang av skatteinsentivordningar i 2023. Analysen viser at ordningane som i stor grad  går til eksperimentell utvikling, særleg treffar SMB-segmentet. Her har også ordninga størst effekt.

Effektane er auka private FoU-investeringar, meir nyskaping og auka produktivitet. Ifølgje OECD utgjer  skatteinsentiv 55 prosent av all næringsretta FoU-støtte i OECD-land. Insentiva og direkte støtte har tilsvarande effekt, og er komplementære. Funna er i tråd med SkatteFUNN-ordninga.

Typisk bedrift og prosjekt i SkatteFUNN

  • bedrifta er mindre enn ti år
  • færre enn 20 tilsette
  • sendt inn to søknader tidligare
  • årlege prosjektkostnader på tre millionar
  • prosjektvarigheit på to–tre år

Se eksempler på prosjekter som har fått SkatteFUNN-midler

SkatteFUNN i tal

Vi fekk 2607 søknader til SkatteFUNN i 2022, med ei innvilgingsgrad på 74 prosent. Talet på løpande/aktive prosjekt var 5559 per årsskiftet 2022-2023. Budsjetterte FoU-kostnader for pågåande SkatteFUNN-prosjekt i 2022 var totalt 27 mrd. kroner, og budsjettert skattefrådrag var på 4,6 mrd. kroner.

Nedgang i søknader i 2020 og 2021, auke i 2022

Dei siste to åra har vi sett ein tydeleg nedgang i talet på søknader til SkatteFUNN (2933 i 2021, mot 4141 og 4543 i høvesvis 2020 og 2019). I 2022 var det ein auke på 30-40 prosent samanlikna med fjoråret, noko som gir ein prognose på 3000 søknader for perioden april-desember, mot 2200 for same periode i 2021. Det er grunn til å tru at årsaka til utviklinga er samansett, men at effektar av koronapandemien speler ei viktig rolle, inkl. forseinkingar i pågåande prosjekt, nedprioritering av FoU, tiltakspakkar og auka tilgang til andre støtteordningar.

Små og mellomstore bedrifter får oftast støtte

Over tid ser vi at om lag 75 prosent av det budsjetterte skattefrådraget i SkatteFUNN er hos små og mellomstore bedrifter. Meir enn 60 prosent av bedriftene seier at dei har samarbeid med leverandør, kunde eller brukar i prosjektet sitt. Om lag 20 prosent har eit FoU-miljø som deltakar i prosjektet og 10 prosent nemner at dei har samarbeid med ei anna bedrift. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 00.50 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.