Endringar undervegs for SkatteFUNN-prosjekt

Det er viktig at Forskingsrådets informasjon om prosjektet er oppdatert og rett, både når det gjeld prosjektinnhald og adminstrative detaljar. Sjekk her om du har alt i orden.

Endring i hovudmål eller innhald i prosjektet

Dersom det er endringar i prosjektet som påverkar hovudmål/delmål eller innhaldet i prosjektet, må du ta kontakt med saksbehandlar. Dette skal i tillegg meldast inn via statusrapport og sluttrapport. 

Endring av organisasjonsnummer eller overføring av prosjektet til ny bedrift

Godkjenninga av eit FoU-prosjekt gjennom SkatteFUNN er knytt til organisasjonsnummeret som vart oppgitt då søknaden vart sendt inn. Dersom godkjenninga er knytt til feil organisasjonsnummer vil ikkje Skatteetaten kunne innfri kravet om frådrag for utgiftene i FoU-prosjektet.

Dersom organisasjonsnummeret ikkje er riktig lenger, må du

  1. avbryte prosjektet på innlogget område
  2. sende inn sluttrapport
  3. sende inn ny søknad

Dersom prosjektet skal overførast til nytt firma, må du sende inn ein ny søknad med oppdatert organisasjonsnummer. Den nye søknaden skal berre handle om det som gjenstår av prosjektet – ikkje det du allereie har fått skattefrådrag for. Søknaden må sendast inn same år som endringa skjer og i god tid før nyttår.

Den nye søknaden blir ikkje behandla før sluttrapporten for det opphavlege prosjektet er innsend.

Forlenge prosjektet? Nei, du må søke på nytt

Dersom det står att FoU-aktivitetar i prosjektet etter at godkjenningsperioden er over, sender du inn sluttrapport som planlagt. Etterpå kan du sende inn ein ny søknad som beskriv kva aktivitetar som står att i FoU-prosjektet.

Den nye søknaden vil få ei sjølvstendig vurdering og bli behandla på vanleg måte. Forskingsrådet vil ikkje automatisk gi ei ny godkjenning av prosjektet.

Til dømes: Dersom prosjektet er godkjent for 2020 og 2021, må de søkje på nytt for dei FoU-aktivitetane som står att, etter at sluttrapport er sendt inn i 2022. Legg merke til at søkjarbedrifta ikkje kan vere eit føretak i vanskar på tidspunktet for vedtaket. Den nye søknaden blir ikkje behandla før sluttrapporten for det opphavlege prosjektet er innsend.

Endring av kontaktpersonar på "Mi side"
(for SkatteFUNN-søknader oppretta etter 21. mai 2024)

Vi sender ut varsel på e-post til dei som står oppførte med rollene opprettar av søknad, prosjektleiar og organisasjonsrepresentant. Det er derfor viktig at denne informasjonen er rett og oppdatert.

Vi har registrert fem ulike rollar i eit SkatteFUNN-prosjekt:

  • Opprettar av søknad: Den som opprettar søknaden kan redigere og sende inn søknaden.
  • Prosjektleiar: Prosjektleiaren har full tilgang til prosjektet via "Mi side" og kan sende inn rapportar.
  • Prosjektdeltakar: Vedkommande kan lese og redigere både søknaden og prosjektet.
  • Organisasjonsansvarleg: Vi hentar denne personen fra Einingsregisteret. 
  • Organisasjonsrepresentant: Dette er bedriftens representant i prosjektet. Vedkommende kan gi løyve til rollebyte når nokon sluttar eller ikkje er å få tak i av andre grunnar.

Dersom de skal endre på rollane i prosjektet, må prosjektleiaren eller organisasjonsrepresentanten endre dette frå Mitt prosjekt.

Endring av kontaktpersonar på "Mitt nettsted"
(for SkatteFUNN-søknader opretta før 22. mai 2024)

Vi sender ut varsel på e-post til dei som står oppførte med rollene som søkjar, prosjektansvarleg og dagleg leiar. Det er derfor viktig at denne informasjonen er rett og oppdatert.

Vi har altså registrert tre ulike rollar i eit SkatteFUNN-prosjekt:

  • Søkjar: får varsel på e-post. Har full tilgang til prosjektet via "Mitt nettsted" og kan sende inn rapportar
  • Prosjektansvarleg: får varsel på e-post. Prosjektansvarleg har ikkje tilgang til prosjektet på "Mitt nettsted".
  • Dagleg leiar: får varsel på e-post, og kan gi løyve til rollebyte når nokon sluttar eller ikkje er å få tak i av andre grunnar. Dagleg leiar har ikkje tilgang til prosjektet på "Mitt nettsted".

Overføring av søkjarrolla til ny person må gjerast via "Mitt nettsted" frå brukaren til den som sit på søkjarrolla.

Endring av dagleg leiar eller prosjektansvarleg eller ny kontaktinformasjon må meldastes inn til oss, så vi kan leggje det inn på prosjektet. 

Rettleiing for korleis byte søkjarrolla og overføre full tilgang til eit prosjekt

  1. Den som skal overta søkjarrolla må aller først ha oppretta sin eigen brukar. 
  2. Logg deretter inn på brukaren til den som per no sit med søkjarrolla og som har denne tilgangen.
  3. Gå til fanen "Prosjekt/rapportar" og bruk knappen "Bytt SkatteFUNN-søkjar" og fyll inn detaljar om den som skal overta.
  4. Når det er gjort, kan den som skal overta rolla, logge på brukaren sin.
  5. Gå til fanen "Rolleadministrasjon" og godta invitasjonen.
  6. Logg inn og gå så ut igjen. Då skal vedkommande ha fått tilgang.

Ta kontakt med oss i SkatteFUNN om det er endringar i kontaktinformasjon for dagleg leiar eller prosjektansvarleg, eller dersom personen som står oppført med søkjarrolla ikkje er mogleg å få tak i.

Dersom den som per no har søkjarrolla har slutta eller av andre grunnar ikkje er mogleg å få tak i, hjelper vi dykk sjølvsagt med dette. Då treng vi ei stadfesting frå dagleg leiar på at rollebytet er ok.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 03.08 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.