Jobbe i Forskingsrådet: Simona er lidenskapeleg oppteken av helse, innovasjon og musikk

Simona deler reisa si frå forskar ved Universitetet i Oslo til rolla si i helseavdelinga i Forskingsrådet. Med lidenskap for helseinnovasjon og eit sterkt engasjement for å fremje norsk forsking, fortel ho om kva som motiverer henne og om korleis musikk og matlaging gir ho energi i fritida.

Dame med brunt hår smiler og står foran grønne planter.
(Foto. Sahand Ammari)

Namn: Simona Grasso 
Stillingstittel: Seniorrådgivar i avdeling for helse og offentleg sektor

Kvifor jobbar du her?

– Eg håpar at eg med den faglege kunnskapen min og gjennom samarbeid med kollegaer kan bidra til at den beste norske forskinga blir skapt og utfordra, gjennomført og teken i bruk til nytte for samfunnet. Eg liker spesielt godt den strategiske måten vi jobbar på for å “setje kurs” på forskinga i Noreg.

Korleis kjende du til Forskingsrådet?

– Då eg tidlegare jobba som forskar ved Universitetet i Oslo, trudde eg at Forskingsrådet berre var ein rein finansieringsorganisasjon. Då kontrakten min ved UiO gjekk ut i 2019, dukka det opp moglegheit for ein seks månader lang kontrakt i Forskingsrådet. Men eg er her framleis – og har ikkje angra på det.

Korleis vil du beskrive arbeidsoppgåvene dine for ein som ikkje jobbar i Forskingsrådet?

– Eg jobbar særleg med nasjonal finansiering av helseforsking og helseinnovasjon, frå førebygging til diagnostikk, behandling og tenesteforsking. Eg har også ansvaret for å følgje opp dei europeiske partnarskapane for "Sjeldne sjukdommar" og for pandemiberedskap, to tema som eg brenn for. I tillegg til dette jobbar eg også med analyse av forskingsfinansiering.

Kva liker du aller best med jobben din?

– Eg liker variasjonen i arbeidsoppgåvene og eg liker å bli utfordra til å tenkje nytt og til å tenkje stort. Det får eg her. Eg liker også at vi i Forskingsrådet samarbeider med fleire andre offentlege forvaltningsorganisasjonar med tilgrensande ansvar.

Kva har du blitt mest overraska over ved Forskingsrådet etter at du starta?

– Arbeidsmiljøet og kompetansenivå på alle medarbeidarar. Det er veldig høgt. Eg vil også trekkje fram det gode og varierte tilbodet vi som tilsette her har, som til dømes kunstklubb, bedriftsidrettslag, aktivitetsdagar og bedriftshytte.

Kva liker du å gjere når du ikkje er på jobb?

– Litt ulikt, men musikk i ulike former som kor og dansing, er ein stor del av fritida mi. Eg syng i kor og får energi av musikken og songen i gruppa. Det same gjeld dansing. Musikk er medisin for kropp og sjel. I tillegg til det er eg glad i å lage god mat etter nonnas (bestemors) tradisjonsrike oppskrifter.

Ledige stillinger

Det er for tiden ingen ledige stillinger i Forskningsrådet

Bli oppdatert når nye stillinger legges ut:

Abonnér på stillinger

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 00.57 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.