Spør KI-samtaleroboten vår
Illustrasjonsbilde

Nysgjerrige Norge

Sjekk ut vår nye podkastserie der Kristopher Schau møter landets fremste vitskapspersonar og snakkar med dei om korleis dei endte opp der dei er og forskar på det dei gjer.

Podkast om forsking med Kristoffer Schau

Forsking på forskingskommunikasjon (FORSKKOMM)

Openheit og god dialog mellom forsking og samfunn er avgjerande for å sikre tilliten samfunnet har til forsking og forskingsresultat. Vi treng meir kunnskap om forskingskommunikasjon. Dette gjeld ikkje minst for å utnytte ressursane som blir brukte til kommunikasjonsarbeid i forskingsprosjekt betre og for å oppnå større effektar av forskingsarbeidet.

Sjå FORSKKOMM-prosjekt i Prosjektbanken (oversikt over prosjekt som har fått støtte). I desse prosjekta ser forskarane nærare på pågåande norske forskingsprosjekt eller senteraktivitetar som har tydelege mål for kommunikasjonsaktiviteten. Dette skal gi kunnskap om kommunikasjon i forkant, under og etter forskingsprosessen.

Forskingsdagane er ein av Europas største forskingsfestivalar. Her viser forskings- og kunnskapsinstitusjonar over heile landet fram forskinga si til ålmenta. Festivalen omfattar alt fra opne laboratorium til debattar, forskar-stand-up, foredrag og quizar. Det meste er gratis og ope for alle. Festivalen blir arrangert kvart år i veke 38 og 39. 

Nysgjerrigper er tilbodet vårt til elevar og lærarar i grunnskolen. Målet er at barn skal få vite kva forsking går ut på, lære om forsking og sjølv prøve å forske. Skoleklassar kan bruke Forskingsrådets opplegg for arbeid med vitskapleg metode i skolen, Nysgjerrigpermetoden.

Dei regionale vitensentra er populærvitskaplege opplevings- og læringssenter for matematikk, naturvitskap og teknologi. Målet er at alle som besøkjer sentra skal lære ved å sjølv kunne eksperimentere. Forskingsrådet forvaltar ordningane med tilskot av vitensentra.

Fire frimerker av helserelatert forslning

Forsking, innovasjon og teknologi på frimerke

Sjå frimerkeserien

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. mai 2026, kl. 23.14 CEST

Stor pågang

I forbindelse med søknadsfristen 27. mai og overgangen til nytt søknadssystem, får vi nå mange henvendelser. Derfor kan det ta lenger tid enn vanlig før du får svar. Vi svarer deg så raskt vi kan. Det er lurt å lese gjennom informasjonen vår om det å søke i nytt søknadssystem før du tar kontakt med oss. Her står det mye nyttig. 

Viktig varsel

Til utlysingane med søknadsfrist 27. mai kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 70 00 torsdag 21. mai, fredag 22. mai og tysdag 26. mai kl. 08.00–15.00 og onsdag 27. mai kl. 08.00–13.00.