No startar samfunnsoppdraget om berekraftig fôr

Samfunnsoppdraget om berekraftig for til husdyr og fisk går no over i ein ny fase. Måla er sette og ei styringsgruppe og eit sekretariat er på plass.

fjærkre, en høne som spiser, i

Forskingsrådet er vertskap for sekretariatet og arbeidet er no i gang. Sekretariatet har ansvar for drift og utvikling av samfunnsoppdraget. Det inneberer å koordinere arbeidet i styringsgruppa, ekspertgrupper og å vidareutvikle samarbeidet mellom fagetatar og virkemiddelapparatet.

–  Det viktigaste med samfunnsoppdraget blir å involvere alle relevante aktørar og det gler vi oss til å komme i gang med, seier Kjell Emil Naas som leiar sekretariatet.

Første møte i styringsgruppa

Styringsgruppa hadde sitt første møte 6. november 2024. Noko av det første som må på plass er å få definert kva berekraftig fôr er. I rapporten om forslag til mål og organisering, som kom hausten 2023, er det ein eigen delrapport om berekraft. Dette skal ein no jobbe vidare med, først i styringsgruppa der dei skal setje ned ei ekspertgruppe som skal komme med forslag.

– Fôr er meir enn berre fôr. Berekraftig fôr er eit viktig grunnlag for å tryggje framtidig verdiskaping i norsk havbruk og jordbruk. Her er det viktig med ei best mogleg forankring i det nasjonale ressursgrunnlaget vårt. Men for å nå måla i samfunnsoppdraget, er det grunnleggjande at vi forstår og er samde om kva berekraftig fôr er og skal vere, seier styreleiar Nils Vagstad.

tre kvinner og fem menn står i en trapp, styringsgruppe for samfunnsoppdraget berekraftig for, 2024
Styringsgruppa på sitt første møte. Nedst frå venstre: Kari Ljøkel, Anja Bakken Riise, Nils Vagstad og Joakim Hauge. I midten: Kristin Alnes, Leif Kjetil Skjæveland og Erling Aas-Eng. Bakerst: Inge E. Næsset. Erik Olav Gracey var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto: Thomas Keilman, Forskingsrådet.

Årleg møteplass

Ei av oppgåvene vi gler oss til å gjennomføre, er ein årleg konferanse. Samskaping og involvering er sentralt i alle samfunnsoppdrag, Vi gler oss derfor til å møte alle aktørane slik at vi saman får diskutert vegen vidare.

Det ligg an til at første konferanse blir i mars 2025. 

– Allereie 11. desember 2024 ønskjer vi å invitere til eit informasjonswebinar om samfunnsoppdraget. Der vil vi fortelje litt om status no, kva som blir dei første viktigaste oppgåvene å gå i gang med og kva som er spesielt med eit samfunnsoppdrag, avsluttar Vagstad.

Her kan du melde deg på informasjonswebinaret: Oppstartswebinar: Samfunnsoppdrag om berekraftig fôr

Meldinger ved utskriftstidspunkt 14. november 2024, kl. 19.58 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.