Lyser ut senter for kunstig intelligens i maritim sektor

Forskingsrådet lyser ut inntil 100 millionar kroner til eit nasjonalt senter for kunstig intelligens (KI) for maritime aktørar.

Eit senter for kunstig intelligens i maritim sektor vil auke konkurransekrafta og verdiskapinga i den maritime næringa. Foto: Jonas Bensiksen

– Norsk maritim næring er i verdstoppen, og vi må raskt ta i bruk ny teknologi for å halde på vår posisjon. Eit senter for kunstig intelligens i maritim sektor vil auke konkurransekrafta og verdiskapinga i den maritime næringa, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.   

Senteret vil ha ei total ramme på 75-100 millionar kroner og vare i fem år, med oppstart i 2025. Senteret skal vere eit samarbeid mellom næringsliv, forskingsmiljø og offentleg sektor.

Problemstillingane skal vere relevante for alle typar maritime aktørar og dekkje problemstillingar innanfor autonomi, digitalisering, grøn skipsfart og tryggleik til havs.   

– Forskingsrådet vil løpande vurdere moglegheita for å lyse ut senter innanfor fleire næringar og område, seier Sundli Tveit. Gjennom mobiliseringa og dialogen med mange ulike aktørar det siste året ser vi eit behov for KI-senter innanfor avgrensa tema for kunne ta kunnskap raskare i bruk, seier ho.  

Det maritime senteret for KI kjem i tillegg til KI-sentra som allereie er lyste ut under “KI-milliarden”. Måla med desse er å styrkje norsk KI-forsking på tvers av sektorar. KI-senteret for maritim næring er retta mot å ta KI i bruk i ei sterk og kunnskapsavhengig næring.  

Utlysinga har søknadsfrist 12. mars 2025 og vil om kort tid vere tilgjengeleg på nettsidene til Forskingsrådet. Kontaktinformasjon. Kjell Røang E-post: kjr@forskningsradet.no 

Pressekontakt

Vivill Vinsrygg

    Pressekontakt

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 01.11 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.