EU-millionar til norske forskartalent
Rekordmange unge, norske forskarar gjer suksess i Det europeiske forskingsrådet. Til saman får dei 271 millionar kroner.
Det europeiske forskingsrådet (ERC) er elitedivisjonen for europeiske forskarar. Med eit budsjett på 16 milliardar euro finansierer EU-organet berre den aller beste forskinga.
I dag får 14 av dei totalt 101 norske søkjarane innvilga søknadene sine om ERC Starting Grant. Det er ny rekord. Til saman får dei tildelte norske prosjekta 23,3 million euro, eller cirka 271 millionar kroner.
ERC Starting Grant er ordninga for forskarar i starten av karrieren sin. I år deler ERC til saman ut 780 millionar euro gjennom denne ordninga.
– Dette er eit strålande resultat for norsk forsking! Dette viser igjen at norske forskarar hevdar seg i den absolutte verdstoppen. Eg vil særleg gratulere Universitetet i Stavanger og Høgskolen i Innlandet, som begge hentar heim sine første ERC-stipend. Det er grunn til å feire at norske forskarar vinn fram i den aller mest krevjande konkurransen innan grunnforsking i verda, det er svært viktig for vår konkurranseevne og verdiskaping. Det er godt nytt for Noreg som kunnskapsnasjon, for institusjonane og mest av alt for forskarane sjølve, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Vil flytte grenser
Av dei fjorten tildelte stipenda går halvparten til kvinner. Seks av prosjekta er innanfor naturvitskap og teknologi, seks er innanfor humaniora og samfunnsfag, og dei siste to er innanfor livsvitskap.
— Gratulerer til dei fjorten forskarane som no får stipend. Dette er veldig gode nyheiter for Noreg og framtida til norsk forsking. Den vitskaplege kvaliteten som er nødvendig for å nå opp på denne arenaen er skyhøg. Eg er heilt sikker på at desse forskarane vil flytte grensene på sine felt, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Stipenda går til forskarar ved følgjande institusjonar:
- Høgskulen i Innlandet
- Universitetet i Stavanger
- NUPI
- Oslo universitetssjukehus
- Universitetet i Bergen
- Universitetet i Tromsø får to stipend
- Universitetet i Oslo får sju stipend
3474 europeiske forskarar konkurrerte om midlane i år. Av desse får 494 søknader finansiering. Det gir ein suksessrate på 14,2 prosent.
Desse forskarane blir tildelte ERC Starting Grant
|
ERC i andre land
Halvparten av dei innvilga prosjekta går til Tyskland, Nederland, Storbritannia og Frankrike. Blant dei nordiske landa fekk Sverige 22, Finland 18 og Danmark 15 prosjekt.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 06.55 CET