237 millionar kroner til nye teknologiar med radikalt potensial
18 prosjekt får finansiering til forsking på bioteknologi, IKT og nanoteknologi. Mellom anna skal forskarar finne nye metodar for å gjere om CO2-utslepp frå industrien til berekraftig fôr, forske på ei meir energieffektiv reinsing av avløpsvatn og utvikle gen som kan brukast i behandling av hjernesjukdommar.
– Forsking og nye metodar er heilt nødvendige for å sikre jobbar og få til den grøne omstillinga vi treng. Når forskarar og næringslivet jobbar saman, skaper vi løysingar som verkeleg kan ta samfunnet vårt vidare, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Mellom anna får Universitetet i Oslo 15 millionar kroner til eit prosjekt der forskarane skal utvikle metodar for å utvikle terapeutiske gen og gjere genlevering enklare og meir effektiv, med mål om å kunne behandle hjernesjukdommar. Ved å kombinere kunstig intelligens med genteknologi, vil dei prøve å føreseie og teste terapeutiske gen som kan tilpassast vektorar for genlevering. Vektorane vil i sin tur bli kombinert med ultralydteknologi for å hjelpe gena med å passere blod-hjerne-barrieren og nå fram til hjernen.
Universitetet i Søraust-Noreg får 12 millionar kroner til energieffektiv og berekraftig avløpsreinsing med mål om å bruke membranbiofilmreaktorar og enzymbioteknologi for å utvikle teknologi som effektivt fjernar organiske mikroforureining, nitrogen og farmasøytisk aktive samband (PhACs). Dette bidreg også til å avgrense utviklinga og spreiinga av antimikrobiell resistens frå avløpsvatn.
SINTEF får 12 millionar kroner til eit prosjekt som skal forme om CO2-utslepp frå industrien til berekraftig fôr for akvakultur ved hjelp av avanserte teknologiar for karbonfangst og mikrobiell fermentering. Prosjektet har som mål å utvikle ein to-trinns fermenteringsprosess for å møte det presserande behovet for miljøvennlege og økonomisk berekraftige løysingar, i lys av klimakrisa og den aukande etterspurnaden etter berekraftig fôr.
SINTEF får også støtte til eit prosjekt som skal utvikle ein ny kvantesensor. Sensorar er avgjerande for digitalisering og kunstig intelligens, sidan sensorar "omset" lys, lyd, varme og vibrasjonar i den fysiske verda til digitale signal. Den nye sensoren blir svært presis og kan måle bitte små endringar i omgivnadene. Det nye prinsippet er komplekst og kombinerer mange nye teknologiar som presise materialdefektar, ring-resonatorar, bølgjeleiarar og ein-foton kaskadedetektorar. Sensoren skal kunne måle spenningar i mekaniske konstruksjonar og etter kvart til mange andre type målingar.
Bioteknologi, IKT og nanoteknologi har opphav i grunnforsking og tverrfagleg samarbeid i fag som biologi, kjemi, fysikk, elektronikk og materialteknologi.
– Vi treng meir kunnskap og at kunnskapen blir teken raskare i bruk. Dette vil vere viktig for å styrkje norsk konkurransekraft. Desse prosjekta er viktige for å utforske moglegheitene som ligg i teknologiar med radikalt potensial, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Desse prosjekta får finansiering
Adm. ansvarlig |
Tittel |
Tildelt beløp (1000 kroner) |
SINTEF AS |
Advanced Conversion of Industrial Biogenic Gas Streams into Fish Feed via CO2 Capture and Microbial Fermentation |
11 983
|
NORCE NORWEGIAN RESEARCH CENTRE AS |
Data-driven engineering of microalgal biofactories for safe and efficient omega-3 production |
12 039* |
NORGES MILJØ- OG BIOVITENSKAPELIGE UNIVERSITET (NMBU) |
Integrated biorefining of chitin-rich biomass (ChitoVal) |
11 991 |
NOFIMA AS |
Food4Cells: Developing sustainable cell culture media for cultivated meat (CM) production based on Norwegian plant-based agri-food. |
12 000 |
UNIVERSITETET I SØRØST-NORGE |
Energy Efficient and Sustainable Wastewater Treatment |
12 000 |
UNIVERSITETET I OSLO |
A Disruptive Platform Technology for Brain-targeted Gene Therapy |
14901 |
SINTEF DIGITAL |
Silicon Integrated QUantum Emitter Strain deTection |
15000 |
UNIVERSITETET I OSLO |
Integrated convergent technology for precision human tissue and disease modeling |
15000 |
NORGES MILJØ- OG BIOVITENSKAPELIGE UNIVERSITET (NMBU) |
Smart Sensing platform for protein and peptide analysis |
14993 |
SINTEF AS |
Determination of renal blood flow autoregulation in kidneys: A convergence of robotic soft-body interaction and AI-assisted ultrasound |
15000 |
SINTEF AS |
ICUE – Illuminating the Path to Cure Endometriosis |
15000 |
NORGES TEKNISK-NATURVITENSKAPELIGE UNIVERSITET NTNU |
Automatic super agile small-satellite operations |
15000 |
UNIVERSITETET I TROMSØ - NORGES ARKTISKE UNIVERSITET |
Convergence of nanofabrication, nanoscopy, transcriptomics, and algae technologies for sustainable fish feed |
15000 |
NORGES TEKNISK-NATURVITEN-SKAPELIGE UNIVERSITET (NTNU) |
Functionalized graphene structures as additives for enhanced lubrication. |
11705 |
NORGES MILJØ- OG BIOVITENSKAPELIGE UNIVERSITET (NMBU) |
Tunable ion separations with micro-structured composite membranes |
11943 |
UNIVERSITETET I TROMSØ - NORGES ARKTISKE UNIVERSITET |
Smart nanotechnology for pulmonary delivery of new generation antimicrobial peptides to combat respiratory superinfections |
9855 |
SINTEF AS |
Li transport and interface reactions in advanced battery materials |
11600 |
NORGES TEKNISK-NATURVITEN-SKAPELIGE UNIVERSITET (NTNU) |
Tailoring Metallurgically bonded nanoscale interfaces between Al, Cu and Ni involving Deformation-enhanced diffusion (MAD) |
12000 |
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 00.55 CET