Mål og bakgrunn for samfunnsoppdraget berekraftig fôr
Hovudmålet er at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema innan 2034. No er design- og implementeringsfasen over og her kan du lese dei heilt konkrete delmåla vi har sett for å nå hovudmålet, i tillegg til litt om bakgrunnen og vegen dit.
Måla for samfunnsoppdraget er eit resultat av ein lengre prosess med innspelsmøtar og arbeid båe i ei gruppe for fagetatar og med eksperter på fôrområdet. Endelige mål for samfunnsoppdraget vart annonsert av regjeringa våren 2024.
Målretta samfunnsoppdrag er nyskapande og ambisiøse prosjekt der forsking blir kopla saman med andre verkemiddel for å løyse konkrete problem innanfor ein tidsfrist. Samfunnsoppdraget skal byggje vidare på og forsterke dagens innsats i det næringsretta verkemiddelapparatet.
Samfunnsoppdraget om berekraftig fôr har følgjande mål:
Hovudmål
Innan 2034 skal alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr komme frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema. Samfunnsoppdraget skal vere med på å bevare naturmangfald, utvikle ein sterk fôringrediensindustri og auke forsyningstryggleiken i Noreg.
Delmål
- redusere klimagassutslepp frå råvarer brukt til fôr til oppdrettsfisk og kraftfôr til husdyr i samsvar med dei til kvar tid gjeldande norske klimaforpliktingane
- auke delen importert fôrråvare frå berekraftige kjelder med mål om å redusere det globale klimafotavtrykket
- auke delen norskproduserte råvarer i fôr til oppdrettsfisk frå 8 til 25 prosent innan 2034
- auke delen norskproduserte råvarer i kraftfôr til husdyr frå 55 til 70 prosent innan 2034
- forbetre kvaliteten og auke delen grovfôr i fôrrasjonen til drøvtyggjarar
- sikre tilgang til kritiske mikroingrediensar til fiske- og dyrefôr innan 2034
Måla som er sette er ein kombinasjon av ambisjonar og kva vi forventar at er mogleg. Måla kan bli justerte etter kvart som det blir hausta erfaringar frå samfunnsoppdraget. Oppdraget skal evaluerast i 2026, og då kan det også bli ein eventuell opp- eller nedskalering av delmåla du ser over.
Om samfunnsoppdraget
Samfunnsoppdrag er banebrytande satsingar for å finne løysinger på definerte problem innanfor ei gitt tidsfrist. Utfordringa i samfunnsoppdraga skal vere kjend, men løysinga ukjent. Samarbeid er heilt sentralt og det er eit viktig poeng at fleire sektorar koordinerer seg og at resultata faktisk blir teke i bruk i samfunnet.
Regjeringa har i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning sett seg som mål at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema. Befolkningsvekst, auka press på areal og ressursar og meir usikre forsyningslinjer, kan setje mattryggleiken under press.
Samfunnsoppdraget om berekraftig fôr skal bidra til nye og innovative løysinger for å utnytte ressursane betre. Samtidig vil oppdraget gi viktige bidrag til dei måla Noreg har sett for klima, miljø, matproduksjon, sysselsetjing og verdiskaping.
Bakgrunn for samfunnsoppdraget om berekraftig fôr
2023 var design- og implementeringsfasen for samfunnsoppdraget. På oppdrag frå fem departementet foreslo ei operativ gruppe beståande av fagetatar, utforming og konkrete mål for samfunnsoppdraget. Den operative gruppa fekk innspel frå ei ekspertgruppe med aktørar frå næringar, FoU-miljø og interesseorganisasjonar. Det vart også gjennomført innspelsmøte der ulike samfunnsakaktørar kom med innspel til mål og organisering.
Arbeidet resulterte i rapporten Eit samfunnsløft for berekraftig fôr. Rapporten vart overrekt til fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth, landbruks- og matminister Geir Pollestad og minister for forsking og høgare utdanning, Sandra Borch fredag den 3. november 2023. Representantar frå dei andre involverte departementa, Klima- og miljødepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, var også til stades.
Departementa vurderte forslaga vinteren 2023–2024. Våren 2024 annonserte regjeringa at samfunnsoppdraget skal setjast i gang. I august 2024 vart ei styringsgruppe utnemnt og gitt mandat for arbeidet sitt for fase 1 av samfunnsoppdraget (2024 til ut 2026). I tillegg fekk Forskingsrådet ansvaret for å vere vertskap for eit sekretariat som skal koordinere arbeidet.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 00.56 CET