Forskingspolitikk og strategiar
Forskingsrådet gir uavhengige råd om forskings- og innovasjonspolitikken. På denne sida finn du nokre av dei viktigaste strategiane og planane som ligg til grunn for arbeidet vårt.
Forskingsrådets strategi: Idékraft verda treng
I strategien vår trekkjer vi fram forslag til korleis vi som forskingsråd kan vere med på å løyse utfordringane Noreg og verda står overfor – både dei utfordringane vi kjenner og dei vi ikkje kjenner.
Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning
Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning set kursen for politikkutviklinga i forsking og høgare utdanning. Han er eit viktig styringsdokument for oss i Forskingsrådet.
Open forsking
Vi vil vere ein pådrivar for å gjere forsking så open som mogleg og så lukka som nødvendig. Her finn du krava våre, retningslinjer og rettleiarar om open forsking.
Forskingsetiske krav
Vi stiller krav til høg forskingsetisk standard i prosjekt vi finansierer. Ansvaret for at lovverk og etiske retningslinjer blir følgt, ligg hos verksemda som er ansvarleg for prosjektet.
Ansvarleg forsking og innovasjon (RRI)
Vi er opptekne av at alle aktørar i forskingssystemet samarbeider godt og at resultata frå prosjekta vi finansierer skal komme samfunnet til nytte på best mogleg måte. For å få til dette er RRI-metodikk ei god tilnærming.
Kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv
Vi jobbar for meir likestilling mellom kjønna i forsking og innovasjon. Frå og med 2022 har alle prosjekt som får støtte frå oss krav om å ha handlingsplanar for likestilling (GEP). Vi gir deg tilrådingar for korleis de kan betre kjønnsbalansen.
Vi støttar DORA
Erklæringa inneheld eit sett av tilrådingar om god praksis for vurderingar av kvalitet. Her blir det oppmoda til ikkje å leggje innverknadsfaktoren til tidsskrifta til grunn når prosjektfinansiering blir tildelt eller ved tilsetjingar og opprykk. I staden skal fagleg kvalitet og oppnådde forskingsresultat vurderast på eit breiare grunnlag – med søkelys på innhaldet.
Stortingsmeldinga om forskingssystemet
Vi støttar arbeidet med systemmeldinga og bidrar med kompetanse, analyser og råd.
Instituttsektoren
Vi har eit strategisk ansvar for instituttsektoren der vi i dag gir grunnfinansiering til 33 institutt.
Nasjonalt nettverk for folkeforsking
Nettverket skal fremje folkeforsking i Noreg, koordinere aktivitetar og utveksle erfaringar. Folkeforsking er å engasjere og involvere folk som ikkje har forskarbakgrunn i forsking og i samarbeid med forskarar eller forskingsorganisasjonar.
Forskingsrådets internasjonale utval
Det internasjonale rådgivande utvalet er eit uavhengig utval som består av internasjonale ekspertar, utnemnde av Forskingsrådets administrerande direktør for å gi råd om forskings- og innovasjonspolitikk.
21-strategiane
21-strategiane nasjonale strategiar for ulike bransjar og tema der forsking, utvikling, kommersialisering og industrialisering er viktig for å omstille Noreg. Vi er sekretariat for sju av desse strategiane.