Pilot Helse
Pilot Helse er ei utlysing av midlar til ambisiøse innovasjonsløp som skal bidra til berekraft i helse- og omsorgstenestene og samtidig verdiskaping i norsk helsenæring. Saman skal private og offentlege aktørar utvikle gode løysingar som når raskare ut til pasientar og innbyggjarar.
Kva er Pilot Helse?
Pilot Helse er ei ordning som lyser ut midlar til ambisiøse innovasjonsløp som skal bidra til berekraft i helse- og omsorgstenestene og samtidig verdiskaping i norsk helsenæring.
Innovasjonsløpa skal vere baserte på avklarte behov hos pasientar, innbyggjarar eller i dei offentlege helsetenestene. Gjennom forpliktande samarbeid skal private og offentlege aktørar saman med brukarar utvikle gode løysingar som enkeltaktørar ikkje kan løfte fram åleine. Midlar i Pilot Helse-ordninga skal fungere som risikoavlasting både for offentlege og private aktørar.
Midlar til Pilot Helse blir lyste ut annakvart år. Alle søkjarar til hovudutlysinga må gjennom ein prekvalifiseringsrunde der dei søkjer om eit forprosjekt.
Arrangement for deg som vurderer å søkje
Brukarinvolvering og brukarmedvirking i forsking og innovasjon
Care Screen fekk Pilot Helse-midlar for perioden 2022-2027
Vil gi kreftpasientar rehabiliteringa dei trengjer gjennom digitale avgjerdsverktøy.
Se studiosamtale med forskerne