HFSP – Human Frontier Science Programme

Noreg er medlem i "Human Frontier Science Programme Organization" (HFSPO) og norske forskarar kan søkje på HFSP-utlysingane. Desse har frist kvar vår med prosjektoppstart året etter.

Programmet fremjer internasjonalt samarbeid innanfor grunnforsking på  dei sofistikerte og komplekse mekanismane til levande organismar. 

Prosjekt som får støtte skal ha som mål å bidra til banebrytande forsking og det blir lagt vekt på tverrfaglege/interdisiplinære tilnærmingar. Prosjektet skal skilje seg frå det pågåande forskingsarbeidet til søkjarane.

Sjå lenkjer til HFSPO nettsider og meir info om HFSP-utlysingane, "Research Grant" og "Postdoctoral Fellowships Grants" nedanfor. 

Research Grants blir delt ut for tre år til internasjonale (helst interkontinentale) team på to–fire medlemmer som ikkje har samarbeidd før. Deltaking av forskarar frå andre disiplinar enn dei tradisjonelle livsvitskapane, som t.d. biofysikk, kjemi, ingeniørfag, bioinformatikk, informatikk, matematikk, nanovitskap eller fysikk, blir tilrådd.  

Det finst to typar, Research Grants – Early Career og Research Grants – Program

  • Research Grants – Early Career er for team av uavhengige forskarar som alle har maksimalt fem års erfaring som leiar av eiga forskingsgruppe, og maksimalt ti års erfaring etter doktorgrad. 
  • Research Grants – Program er for uavhengige forskarar på alle stadium av karrieren, og forskarar tidleg i karrieren blir oppmoda sterkt til å delta i eit "Program team". 

Research Grant-beløpet kjem an på storleiken på forskingsgruppa, og er på opptil 500 000 dollar per år for eit team på fire medlemmar. Hovudsøkjar/prosjektleiar må vere lokalisert i eitt av HFSP-medlemslanda, men dei andre teamdeltakarane kan vere i kva land som helst.  Sjå nettsida for meir informasjon

Postdoctoral Fellowships blir delt ut for tre år til talentfulle postdoktorar med banebrytande forskingsprosjekt i livsvitskap. Programmet oppmodar spesielt også postdoktorar med bakgrunn frå andre fagområde enn biologi til å søkje om prosjekt for å løyse grunnleggjande problem innanfor livsvitskap. Postdoktorstipendet skal knytast til ein vertsinstitusjon, men han kan ikkje liggje i landet der søkjaren har tatt doktorgrad eller arbeidd som postdoktor. Søkjar kan heller ikkje vere statsborgar i vertslandet. Søkjar skal ikkje ha samarbeidd med rettleiar på vertsinstitusjonen tidlegare.

HFSPO lyser ut to typar, Long-term Fellowships og Cross-Disciplinary Fellowships

  • Long-term Fellowships er for søkjarar med ein doktorgrad i biologi, som ønskjer å ta fatt på eit nytt og banebrytande prosjekt med søkelys på livsvitskap.
  • Cross-Disciplinary Fellowships er for søkjarar som har ein doktorgrad frå ein ikkje-biologisk disiplin (t.d. fysikk, kjemi, matematikk, ingeniørfag eller informatikk) og som ikkje har jobba med livsvitskap før. 

Postdoctoral Fellowships-stipendet blir utbetalt til vertsinstitusjonen. Beløpet dekkjer heile eller deler av løna til postdoktoren, og har i tillegg ein sum til forskingsrelaterte kostnader. Godtgjersla/beløpet varierer avhengig av vertslandet.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 00.58 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.