Spør KI-samtaleroboten vår
Blårosa bilde av molekyl
Søkerwebinar

Søkjarwebinar SFF VI trinn 2

Passer for:

Forskarar og forskingsadministrasjon SFF VI trinn 2

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Dette søkjarwebinaret er for inviterte søkjarar til SFF VI trinn 2, både for prosjektleiarar, med-forskarane og dei som jobbar administrativt med søknaden. 

Utlysinga blir ferdigstilt innan 30. september og formålet med webinaret er å svare på spørsmål om utlysinga og gå gjennom kjende problemstillingar frå trinn 1-søknadene.

Vi vil leggje ut ein innspelt presentasjon i forkant på denne sida, som søkjarane må sjå på førehand av webinaret. Denne blir lagd ut i løpet av veke 39. 

Webinaret 6. oktober blir då i hovudsak sett av til spørsmål og svar.

Send oss gjerne spørsmål før webinaret. Du kan leggje inn spørsmål i chat-funksjonen når du har fått påmeldingsstadfesting frå oss.

Gjer dette: Klikk på lenka til webinaret (“Slik blir du med“). Når du opnar webinarsida, finn du chat-knapp til høgre. Skriv inn namnet ditt, så kan du leggje inn spørsmål - både før og under webinaret.


Foreløpig utlysningstekst: Sentre for fremragende forskning – SFF VI – Trinn 2

Kontakt

Lurer du på noe?
Kontakt

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. september 2026, kl. 06.47 CEST

Vakttelefon til søknadsfrist

Til utlysingane med søknadsfrist 23. september kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 70 00  måndag 21. og tysdag 22. september kl. 08.00–15.45, og onsdag 23. september kl. 08.00–13.00.

Viktig informasjon

Min side (nytt søknadsystem) er nå åpnet igjen. Det kan være noe ustabilitet etter oppdateringen. Ta kontakt med svartjenesten vår dersom du får problemer.