Spør KI-samtaleroboten vår
Grafisk bilde i blåfarger av svingende dominoeffekt. Blå strek over bildet i dubinsform
Webinar

Søkjarwebinar om SkatteFUNN

Om arrangementet

Velkommen til søkjarwebinar om SkatteFUNN

Vurderer du å søkje SkatteFUNN? Då er dette webinaret for deg - anten du har søkt før eller er heilt ny med ordninga.

Webinaret blir ein uformell spørsmål-og-svar-seanse der du får høve til å stille spørsmål om SkatteFUNN, søknadsprosessen og korleis vi i Forskingsrådet vurderer søknadene.

Det blir ingen presentasjon av sjølve ordninga under webinaret. I staden konsentrerer vi oss om å svare på dei spørsmåla som kjem inn frå dykk som deltek.

Du kan:

  • stille spørsmål direkte under webinaret, eller
  • sende inn spørsmål på førehand til lfho@forskningsradet.no. Merk e-posten med "Spørsmål til webinar".

Webinaret varer så lenge vi har spørsmål å svare på. (Maks ein time). 

Vi tilrår også at du ser gjennom videoen med nyttig informasjon om SkatteFUNN under.

Opptak og ei skriftleg oppsummering av spørsmål og svar - inkludert spørsmål vi eventuelt ikkje rekk eller kan svare på undervegs - blir tilgjengeleg for alle påmelde.

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 2. juli 2025, kl. 04.20 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.