Webinar om utlysing til forsking om berekrafta til velferdssamfunnet
- Passer for:
Godkjende forskingsorganisasjonar, forskarar, forskingsrådgivarar
- Pris:
Gratis
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Forskingsrådet, ved porteføljen for velferd og utdanning, lyser ut inntil 110 millionar kroner til forsking som styrkjer vår evne til å halde oppe eit økonomisk og sosialt berekraftig velferdssamfunn. I dette webinaret vil vi svare på spørsmål frå forskingsmiljø som vurderer å søkje desse midlane.
Den tematiske ramma inkluderer økonomisk og sosial tryggleik, samfunnsdeltaking og tilhøyrsel, tillit og legitimitet og gode og effektive velferdstenester. Vi etterspør også kunnskap om dei kulturelle dimensjonane ved desse forskingsområda.
Utlysingsteksten finn du her (under temaområde Velferd og utdanning): Inntil 110 millionar til forsking om berekrafta til velferdssamfunnet
Vi vil i veke 48 publisere ein video med gjennomgang av temaet. Du blir varsla i Forskingsrådets nyheitsbrev når videoen er tilgjengeleg. Før webinar med spørsmål og svar oppmodar vi til å lese utlysinga (lenkja over) nøye og sjå nemnde video.
Dette webinaret, og video, vil vere nyttig for forskarar og forskingsrådgivarar og andre relevante administrativt tilsette ved forskingsinstitusjonane.
Spørsmål om utlysinga kan allereie no sendast til velut@forskningsradet.no. Viss vi vurderer at spørsmålet ditt kan vere interessant for fleire inkluderer vi det (anonymt) i dette webinaret. Webinaret går føre seg på Teams og det vil ikkje gjerast opptak.
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 01.18 CET