MSCA Doctoral Networks (DN) – webinar om 2024-utlysningen
- Passer for:
Forskarar og EU-rådgivarar
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Presentasjonar frå webinaret
- Velkommen og introduksjon
Per Magnus Kommandantvold og Berit Sundby Avset, MSCA NCP´ar, Noregs forskingsråd - Presentasjon av 2024-utlysinga av MSCA Doctoral Networks (DN)
Julien Giordani, DN utlysingskoordinator, The Research Executive Agency (REA), The European Commission - Erfaringa vår med å søkje og få tildelt HOTBIO Doctoral Network
Prof Espen Holst Hansen, UiT - Noregs arktiske universitet
MSCA Doctoral Networks (DN) er ei ettertrakta ordning som finansierer doktorgradsstipendiatar frå heile verda i europeiske forskarutdanningsnettverk. Nettverka, eller prosjekta, varar i fire til fem år, og kan finansiere 15 ph.d.-studentar i inntil tre år.
DN finn du i tre variantar: European Standard Networks, European Joint Doctorates (fellesgradar) og European Industrial Doctorates (nærings/offentleg-ph.d.).
MSCA DN er open for alle fagfelt og har ingen tematiske prioriteringar. Dette er med på å gjere dei svært ettertrakta, og difor er konkurransen hard. Av den grunn tilrår vi komande deltakarar/rettleiarar i Doctoral Networks om å delta i dette webinaret. Det gjer at du aukar sjansen for at nettopp ditt DN får finansiering.
Utlysinga for 2024 opnar 29. mai, og har søknadsfrist 27. november 2024.
I webinaret får du ei innføring i krav til søknaden og vi går gjennom dei ulike evalueringskriteria. Vi har og med ein forskar som fekk finansiering for eit par år sidan som fortel om sine erfaringar.
All informasjon om utlysinga finn du på Funding & Tenders Portal når utlysinga opnar.
Webinaret blir halde på engelsk.
Program
Velkommen og introduksjon
Per Magnus Kommandantvold og Berit Sundby Avset, MSCA NCP´ar, Noregs forskingsråd
Presentasjon av 2024-utlysinga av MSCA Doctoral Networks (DN)
Julien Giordani, DN utlysingskoordinator, The Research Executive Agency (REA), The European Commission
Erfaringa vår med å søkje og få tildelt HOTBIO Doctoral Network
Prof Espen Holst Hansen, UiT - Noregs arktiske universitet
Evalueringsprosessen frå ståstaden til ein evaluator
Aicha Bounaim, Schlumberger
Spørsmål og svar
Slutt
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. november 2024, kl. 04.02 CET